Kurs og foredrag med Skaralys Landskap

Me tilbyr kurs og foredrag med tema som hagedesign for naturvenlege hagar og naturvenleg planlegging, landskap og stadkjensle.

Kontakt oss for bestilling og spørsmål

Idéverkstad:
Naturvenleg hagedesign

For private grupper på 5-12 personar

Ein kreativ arbeidsverkstad der de kan få hjelp og innspel på korleis gjere hagen livlegare og meir naturvenleg. Passar for alle som har hage!

Meir info og bestilling

Introkurs:
Naturvenleg planlegging

For bedrifter, organisasjonar, kommunar

Eit innføringskurs i korleis me som jobbar med arealplanar og byggeprosjekt kan bidra til å unngå naturtap og alvorlege miljøkonsekvensar.

Meir info og bestilling

Foredrag:

Til seminar, møter og andre arrangement

Me tilbyr foredrag på tema som naturvenleg planlegging, naturvenlege hagar, landskap og stadkjensle.

Meir info og bestilling

Komande kurs og foredrag


Februar 2025

Stad: Biblioteket, Sogndal Kulturhus
Dato:
25. Februar
Tid: 19:00-20:00

Foredrag: Naturvenleg hagedesign på årsmøtet til Sogndal hagelag

Her skal me snakke om korleis ein kan gå fram for å designe hagen sin slik at den blir attraktiv for både folk og biomangfald. Me snakkar oss gjennom prosessen frå analyse til idéutvikling og designforslag. Vår tilnærming er alltid å ta utgangspunkt i stadeigne kvalitetar, og ha eit heilskapleg perspektiv på korleis ein formar hagen.